Oppskrifter frå Matskulen


Bjørnar sine hermetiske plommer  «-vi puttar hausten på glas!»

På Stårheim er det nokre fruktgardar som årleg leverer fantastisk gode bær og frukter til oss. For at vi kan nyte desse herlegheitane heile året prøvar vi å konservere dei på ulik vis.

Dette treng du:

Noregsglas

1,2 kg plommer

1 l vatn

750 g sukker

1 vaniljestang

2 kanelstenge

3 heile stjerneanisar

Slik legg du plommer på glas:

Vask plommene. Kok ei sukkerlake av vatn, sukker, kanelstang, stjerneanis og  splitta vaniljestang

Sett reine Noregsglas i steikeovnen ved 100* C i 10 minutt.

Ta glasa ut av ovnen og fyll dei godt med plommer. Hell i kokande sukkerlake til kanten på glasa, pass på at du får med alt krydderet .

Lukk glasa og sett dei i ovnen att ved 150*C i 8 minutt. Sukkerlaken skal koke i  glaset.

Ta ut glasa og snu dei opp ned.  Dette er lurt å gjere i vasken i tilfelle lekkasje.

Glasa bør oppbevarast mørkt og kaldt for å hindre skade på plomene.

Eg likar godt å servere med piska krem, vaniljesaus eller is.

Tips:

Om du ynskjer andre spennande smakopplevingar kan du  bruke kardemomme, ingefær eller chili i sukkerlaken din.  
 



 
 


Hjortegryte

Hjortegryte med rosenkål, tyttebærsyltetøy og potetstappe er ein haustklassikar!

 
Dette treng du til hjortegryte til 3-4 personar:
1 løk
5-6 sjampinjongar, eller annan sopp du likar
750 g hjortekjøt, helst frå lår
2 ss ripsgelé eller tyttebærsylte
3 dl crème fraîche
3 knuste einebær
1 dl tyttebær
1,5 l viltkraft
salt og pepar
om lag 2 ms maisenna og 1 dl kaldt vatn til jamning
smør til steiking
Slik lagar du hjortegryte:
Skjer kjøtet i grove strimlar og brun det i smør i ei gryte. Tilset krafta og la kjøtet koke i omlag 30 minutt.
Skjer løken i båtar og surr den gyllen i smør saman med soppen, ha dette i gryta saman med ripsgelé, crème fraîche, tyttebær og einebær. Kok i omlag 15 minutt.
Jamn gryta med maisennablandinga til ynskja konsistens.
Smak til med salt og pepar.
 
TIPS:
Vi likar å servere potetstappe, rosenkål og tyttebærsyltetøy til hjortegryte.
 
 
 
Lammefrikassé 
Til 4 porsjonar treng du: 
800 g lammekjøtt frå bog eller nakke 

1 l vatn 
salt 
5 peparkorn 
60 g løk 
1 laurbærblad 
 
Til sausen treng du: 
40 g smør 
40 g mjøl 
7 dl lammekraft 
2 dl fløte/melk 
Salt og pepar 
sitronsaft 
 
Grønnsaker:  
100 g gulrot i terningar 
100 g kålrot i terningar 
35 g sellerirot i terningar 
35 g purreløk i sirklar 
hakka frisk persille 
150 g frosne erter 
  
 
 
Slik lagar du lammefrikassé: 
Kjøtet 
Skjer kjøtet i 40- grams- bitar og vask godt i kaldt vatn. Ha kjøtet i ei kasserolle med kaldt vatn, kok opp. Bruk ei fiskeause til å ta vekk skummet som dannar seg på overflata.  
Når vatnet  småkokar ha i løk, laurbærblad, heil pepar og salt. Kok til kjøtet er mørt, omlag 40 minutt.  
 
Ta ut kjøtet og kok inn krafta til det er igjen 7 dl. 
 
Slik lagar du sausen: 
Smelt smøret i ei kasserolle og ha i mjølet.  
Spe med varm lammekraft til sausen har ynskja konsistens. 
La sausen småkoke i 20 minutt.  
Ha i fløyta og smak til med salt, pepar og sitronsaft.  
 
Grønsaker  
Kok opp lettsalta vatn og ha i grønsakene, kok møre i vatnet. 
Gi ertene eit raskt oppkok i eigen kasserolle. 
Før servering blandast saus, grønsaker og kjøt i kasserolla, og varmast opp.  
Dryss hakka persille over frikasséen og server.   
Tips:  Kan og lagast av kylling, høne eller kalv. Du kan bruke same oppskrift og framgangsmåte. 
 
 



 
 
 

Pai med røykelaks og ost
 

Til paideig treng du
4 dl kveitemjøl
125 g smør

1 eggeplomme
1/2 dl vann

Smuldre smøret i mjølet til ei grynete masse. Tilsett eggeplomme og væske og jobb deigen raskt saman. La den ligge kaldt i 60 minutt, så er den klar til å bruk.


Til fyllet treng du:
6 egg
3 dl mjølk
2 ss crème fraîche
1/2 purreløk
2 ts pepar
300 g røykelaks i bitar/strimler
200 g riven kvitost
Slik lagar du paien:
Sett steikeomnen på 200°C.
Kjevl ut deiga og løft den over i forma, eller trykk den ut med hendene, slik at den dekker botnen og sidene i forma.
Prikk deiga godt med ein gaffel i botnen før den forsteikast utan fyll i 10 minutt .
Medan du ventar på forsteikinga visp saman egg, mjølk og pepar i ein bolle. Kutt purreløk som brunast lett i smør. Kutt røykelaksen i terningar. Riv osten.
Ta paibotnen ut av omnen, fordel fyllet utover, og hell over eggeblandinga.
Steik paien midt i omnen til den er gyllen og fast, omlag 15 minutt.
Server med frisk salat.
Tips: Om du ønskjer andre variantar kan du bytte ut røykelaksen med skinke, kylling eller ulike grønsaker
 
 

 
 

Torsk med peparrot, torsketunge, dillmajones og grønsakssalat

Til torsken treng du:
160 g torskefilet per person
½  ms olivenolje
1 ts sitronsaft
1 ts riven peparrot
ei klype maldonsalt
 
Til torsketungene treng du:
4 torsketunger pp
2 ss kveitemjøl
1 egg
4 ms brødkrum
 
olje til fritering
Til dillmajones treng du:
3 eggeplommer
1 ms dijonsennep
Saft av ½ sitron
1ms maldonsalt
1 ms vatn
2 buntar dill
½ bunt bladpersille
6 dl rapsolje
Slik lagar du retten
Torsk:
Dryss litt salt over torsken og la saltet trekkje i ca. 20 minutt. Bak torsken omnen ved  160 grader til han når en kjernetemperatur på ca. 45 grader.  Før servering har du over olivenolje, sitronsaft, riven peparrot og maldonsalt.
 
Torsketunger:
Salt torsketungene og vend dei i kveitemjøl, egg og brødkrum i den rekkjefølgja. Friter tungene i olje ved 160 grader til dei får ein gyllen farge.
Dillmajones:
Alle ingrediensane og bollen du lagar majonesen i bør vere kalde for å hindre at majonesen skil seg.
Køyr salt, blada av persillen og dill saman med oljen i ein blender eller med en stavmiksar.
Vask blenderbollen og kjøl han ned med kaldt vatn. Ha i eggeplommer, ei klype salt, sennep, sitog vatn. Køyr det lett saman på middels hastigheit og spe forsiktig i oljen. Heller du for fort kan majonesen skilje seg. Viss majonesen blir for tjukk kan du ha i meir vatn eller sitron, og viss du synest han er for tynn kan du ha i meir olje. Viss majonesen skil seg, begynn på nytt med eggeplommene og spe den skilde blandinga forsiktig i.
Smak til med sitron og maldonsalt.
 
Grønsaksalat:
Her kan du bruke dei  grønsakene du likar. Skjær ønskt mengd grønsaker tynt med mandolin eller ein skarp kniv. Bland grønsakene med salat etter smak. Ha i god olivenolje, sitron og maldonsalt rett før servering. Dei rå grønsakene gir fin farge og ein god og sprø konsistens i salaten.
Tips: I staden for dill kan du lage andre smakar på majonesen. Prøv deg fram med for eksempel chili, meir sennep, forskjellige krydder, sitrusfrukter og urter som estragon, basilikum eller grasløk.
 


 
 
 
 
 
 
 
 
Müslibolla 
Kjempegode og sunne bollar som passar
til dei fleste måltid.

 

Til 13 müslibollar treng du:

50 g tørrgjær

 5 dl lunka vatn

 2 ms olivenolje

 1 ½ ts salt

 75 g hakka valnøtter

 50 g hakka hasselnøtter

1 ms sukker

 1 dl havregryn

 1dl rosiner

1 dl graskarkjernar

250 g rugmjøl

150 g kveitemjøl

olje til formene

 

Slik lagar du müslibollar :

Bland tørrgjær, valnøtter, hasselnøtter, havregryn, rosiner og graskarkjernar i ein bolle. Ha i mjøl, olje og salt. Rør lunka vatn godt inn og la deiga heve i romtemperatur i om lag 40 minutt.

Fordel deiga i smurde muffinsformer, bruk  om lag 90 g deig i kvar form. Hev i 30 minutt før du steikjer dei i omnen ved 190°C på varmluft.

Steik bollane i 15-20 minutt. Vend dei ut av formene, og steik dei i 3-5 minutt til med botnen opp. Avkjøl müslibollane på rist.

 

Tips:

Müslibollar til frukost? Då er det berre å lage deiga kvelden før og kaldheve ho i kjøleskapet.
 
 
 
 
 
 
 
Tjukke lefser

Tynne eller tjukke, kling med eller utan kanel, tørre eller dynka, det finst uendeleg mange variantar med lefser. Her er ei oppskrift på lokale «Tjukklefser».
Til 8 runde lefser treng du:
 
6 dl kefir
4 dl sukker
200 g smelta smør
2 ts natron
2 ts hjortesalt
2 ts vaniljesukker
1,4 liter kveitemjøl
 
Bland alle ingrediensane. Pass på at deiga ikkje vert for fast, dette gjer du ved å regulere mjølmengda.
 
Del deiga i 8 emne på 250 g og kjevl ut sirklar. Du må bruke ein del mjøl på bakebordet når du kjelvar ut. Ha leiva over på bakepapir og prikk. Dette gjer du for å sikre ei jamn overflate.
 
Steik lefseleiva ved 210-220*c midt i omnen i omlag 5 minutt.
Tips:
For å få flotte sirklar, kan du teikne ein sirkel på bakepapiret og bake deiga ut på det.
 
Fyll/kling:
400 g mjukt smør
3 dl fint sukker (Tate)
3 ts kanel
 
Rør alt saman med handmiksar før du smørjer eit tynt lag med kling på avkjølte lefser. Legg deretter ei ny lefse over.
Del opp i kakestykker og server til kaffien.
Tips:
Lefsene passar til frysing.
Om du bytter ut kanel med malt anis og har 4 ts anisfrø i deiga, får du tjukke lefser med anissmak.
 
 
 

Sursild og rømmesild
 
Rømmesild
Til rømmesild treng du:
6 filetar av kryddersild
3 dl rømme
2 dl majones
1 løk
2-3 ms sukker
1 bunt grasløk
1 sitron
 
salt, pepar og fersk sitronsaft
Slik lagar du rømmesild:
 
Skjer silda i biter på skrå, og legg ho i ein bolle med kaldt vatn i 2-3 minutt. Tørk sildebitane på eit kjøkenpapir.
 
Bland saman alle ingrediensane til saus og smak til med salt, pepar og fersk sitronsaft. Hell sausen over dei tørka sildebitane og ha ferdig rømmesild på glas med lokk.
Sursild
Til sursild treng du:
 
6 filetar av spekesild
 
 
Lake:
1,5 dl sukker
1 dl kvitvinseddik
2 dl vatn
1 ts svart pepar
 
Slik lagar du sursild:
Skjær sildefiletane i bitar. Reins og skjer løken i tynne ringar. Legg sild og løk lagvis i eit glas.
Kok opp alle ingrediensane til laken og avkjøl. Hell laken over silda og set på lokk. Oppbevar silda i kjøleskapet; ho er haldbar i 2-3 veker.
 
Tips: Om du ønskjer andre smakar på laken din, kan du prøve med for eksempel akevitt, laurbærblad, einebær, eller ein asiatisk vri med ingefær og chili.
 

Klippfiskekaker
 
Om du har restar av klippfisk, er det godt å lage panerte klippfiskkaker av dei.
Dette treng du til 10 klippfiskkaker:
700 g utvatna klippfisk, eller ferdig kokte restar
700 g poteter
1,5 dl parmesanost
2 dl fløyte
20 g smør
1 kvitløkfedd
safta av ein halv sitron

Til panering treng du:
Kveitemjøl
grillermjøl
eggekvite
solsikkeolje til steiking
 
Slik lager du klippfiskkaker:
Skrell potetene, del dei i to og kok dei møre.
La utvatna klippfisk trekke i 10 minutt.
Kok opp fløyte saman med det knuste kvitløksfeddet.
Mos potetene i ein bolle og hell over fløyta. Ha i klippfisk i bitar og rør dette til ei glatt masse.
Smak til med parmesanost, sitronsaft, salt og pepar.
Form kaker på 130 g og paner dei veda å vend kakene først i kveitemjøl, så i eggekvite og til slutt i grilljermjøl.
Steik kakene i solsikkeolje.
Tips:
Om du frys ned nokre av kaken før steiking kan du likevel nyte nysteikte klippfiskkaker på travle dagar.
Og om du ønskjer andre smakar på klippfiskekakene kan du blant anna tilsette kutta vårløk, friske urter som timan eller grasløk.
 
 
 
 
 
 
 
Enkel epleterte  
 
Epleterte til store og små 

til dei som skal kome  
til dei som skal gå 
ein smak av hausten er det du skal få  
set deg ned å nyt den no!  
 
Du treng: 
250 g ferdig butterdeig  
3-4 epler 
smelta smør 
1-2 ts sukker 
melis  
 
Slik lagar du epleterta: 
Sett omnen på 200*C. Kjevl ut butterdeiga på ei lett mjølete overflate til deiga er 2 mm tjukk. Hol ut så mange som mogeleg, bruk gjerne eit lite fat til mal.  
Skrell epla, fjern kjernane og skjer tynne skiver av epla. 
Legg skivene i to sirklar på deiga så dei overlappar kvarandre. Pensl epla med smelta smør, helst usalta. Dryss sukker på toppen.  
Steik tertene i omnen i 10-15 minutt. Dryss eit lag melis på toppen. Du kan enten karamellisere tertene med ein skibrennar eller setje dei i steikeomnen til melisen er karamellisert.  
 
Tips: 
Serverast lun med vaniljeis til. 
Denne epleterta kan du fryse før du steiker den, då er det berre å ta den rett frå frysen og i varm steikomn når du skulle få lyst på nysteikt epleterte. 
 
 
 






Karamellpudding 
 
Dette treng du: 

1 l mjølk 
 8 egg 
 1 vaniljestong 
 160 g sukker 
 150 g sukker til karamell 
fløyte til krem 
 
Slik lagar du karamellpuddingen 
La kjelen bli varm før du har litt sukker i til karamell. Når det har smelta kan du dekke over med eit nytt lag sukker, husk å riste på kjelen og ikkje røre for då blir det klumpar. Ha karamellen i brødform.  
Kok opp mjølka med vaniljestong og sukker. Snitt vaniljestonga på langs og skrap ut frøa og koke heile stonga med frøa. 
Pisk egga og spe i mjølkeblandinga, rør. Sil egg- og mjølkeblandinga opp i den glaserte forma. 
Karamellpuddingen leggjast i vassbad i steikeomnen på  110*c i 55-60 minutt. Ha i kokande vatn i steikjeplata du skal posjere karamellpuddingen i, det går fortare.  
Når du skal ha puddingen ut av forma er det enklast å dra ein kniv forsiktig langs kanten på puddingen. Vend den ut på eit passande fat med ein liten kant så sausen ikkje renn vekk.  
 
Tips: Du kan bytte ut vaniljestonga med for eksempel 4 små kanelstenger og 3 stjerneanisar for å få ein annan smak på puddingen. og om du er glad i karamell passer det fint med ein fløtekaramellsaus til. 
 
Når vi posjerar karamellpuddingen i vassbad tyder det at det varmar den utan å koke
 
 


 
 

 
 
Grove knekkebrød  er sunt og godt… og veldig lett å lage! 

 
Du treng: 
3,5 dl grov rug eller grov spelt 
3,5 dl havregryn 
1,5 dl sesamfrø 
2 dl solsikkefrø 
1 dl graskarkjerne (eller linfrø) 
1 dl kruskakli 
1 ts salt 
7 dl lunka vatn 
1 ts honning 
1 dl hakka valnøtter eller andre typar nøtter 
 
Slik lagar du grove knekkebrød: 
Bland alt det tørre i ein bolle. 
 
Rør honningen ut i vatnet og hell det i bollen, bland godt. 
 
Smør den blaute deiga ut på to bakebrett som er kledd med bakepapir pensla med olje. 
 
Steik knekkebrøda først på varmluft ved 190 * i 10 minutt. Ta ut bretta og del opp knekkebrøda i ynskjeleg størrelse og form med ei pizzatrinse. 
 
Steik dei vidare i 30 minutt ved 140 *. Ta knekkebrøda ut, knekk dei opp og snu dei, før du fortsetter å tørke dei ved 100* i 30 nye minutt. 
  
Ha dei avkjølte knekkebrøda i lufttett boks. Om dei skulle bli blaute etter ei stund, kan du tørke dei på nytt i omnen. 
 
TIPS: 
Har du nøtteallergi, kan du bytte ut valnøtter med tørka frukt. 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar