Matskulen

Tidleg dette skuleåret tok Fjordenes Tidende kontakt med oss og ville starte eit samarbeid. Vi fekk i oppdrag å utvikle ei matspalte, som skulle kome på trykk kvar onsdag. Vi takka ja til å lage Matskulen i FJT og tok vidare kontakt med Leon Knapskog, kjøkkensjef ved Balsnes Gard, for å få profesjonell hjelp til dette oppdraget.
 

"Matskulen" i FJT er eit oppdrag der målet vårt ikkje er å tene pengar. Dette gir oss ein unik mogelegheit til å formidle gode matrettar, difor gjer vi dette utan å ta noko betaling. I tillegg vil vi igjennom matspalta bevisstgjere folk i området på dei gode råvarene ein har rundt seg gjennom lokalavisa. Vi i Fiskeriket UB synes at dette er eit viktig og nødvendig arbeid i tillegg til at det er svært lærerikt for oss. Vi har òg laga ei nettside om bedrifta vår og om våre aktivitetar, der vi i tillegg publiserer rettane etter at dei har vore på trykk i avisa, slik at dei som ikkje tok vare på avisa kan fortsatt finne oppskriftene der.

Til utvikling av rettane har vi samarbeidd med Leon. Han har kome til skulen og saman har vi utvikla, testa og endra rettane før vi han har hjelpt oss med styling til fotografering. Etter at vi har testa ut oppskriftene våre blir rettane styla til fotografering.

Matskulen i FJT får vi mange fine tilbakemeldingar på, i tillegg har den vore svært lærerik. Vi har lært mykje om kor viktig det er med fagleg nøyaktigheit og ikkje minst kor viktig det er å kunne skrive rett norsk. Vi har eit tett samarbeid med norsklæraren vår som hjelper oss med språkvasking før vi leverar inn oppskriftene til trykk.

Oppskriftene våre finn du publisert kvar onsdag i lokalavisa, eller på heimesida vår http://fiskeriketub.blogspot.no/p/heim.html.

Attendemelding frå kunden; LEGG VED DET VI FEKK FRÅ JO (FJT)


 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar